Ofte stilte spørsmålFaq
Kva meines med stk pr. pakke og ant. pakker bestilt
Grunna ulik pakkestorleik, forbruksmengde og haldbarheit på prøvetakingsutstyr er varene delt inn i ulike mengder for utlevering – definert som «stk. pr. pakke». Bestill difor varer ut frå kor mye som er i kvar pakke. Nokon står oppført med berre 1 stk. i pakken. I desse tilfella må ein skriva inn mengda ein ønskjer å få tilsendt. Ant. Pakker bestilt vil i desse tilfella vera tilsvarande den mengda som er i ein pakke. I dei fleste tilfella må ein ta utgangspunkt i at mengda i ein pakke er stor, til dømes på 100 stk. Skriv ein då 2 i feltet «antall pakker bestilt» får ein tilsend 200 stk. av denne varen.
Eg finn ikkje det eg ønskjer å bestille eller melde frå om
Sjå under «08 Anna materiale for prøvetaking» og marker 1 på «spesialutstyr – skriv i kommentarfelt» dersom du skal be om noko som ikkje du ser i menyen. Midlertidig, om du har bestilt nokre varer kan du skrive det ekstra du ønskjer i kommentarfeltet. Siste alternativ er å sende melding via «Gi tilbakemelding» i hovudmenyen.
Eg finn ikkje legekontoret mitt når eg søkjer
Ver vennleg og skriv inn namn på legekontor og legekontoret si adresse eller henterute via «Gi tilbakemelding» i hovudmenyen. Du vil få ein e-post når registreringa er fullført og prøvetakingsmateriell kan bestillast.
Informasjon om analyse manglar eller er ikkje korrekt
Ver vennleg og skriv inn kva førespurnaden gjeld og send dette via «Gi tilbakemelding» i hovudmenyen.
Personvern og Informasjonskapslar
Helse Bergen i samarbeid med Helse Vest IKT AS. Grafisk design: Kassett.