Personvern
Denne personvernerklæringa fortel korleis personopplysningar blir samla inn og brukt på
blir utvikla i tett samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Førde og Helse Fonna. Saman utviklar vi ny funksjonalitet, design og oppbygging av innhaldet slik at det skal vere tilgjengeleg for brukarane. Vi samarbeider også med Helse Vest IKT som utviklar, forvaltar og driftar den tekniske løysinga.
Ansvar
Behandlingsansvarleg:
Analyseoversikten.no: Helse Bergen HF
labanalyse.helse-forde.no: Helse Førde HF
lab.helse-fonna.no: Helse Fonna HF
Databehandlar:
Helse Vest IKT AS
Behandlingsansvarleg er ansvarleg for innhenting og bruk av personopplysningar som blir gjort i forbindelse med drift og vedlikehald av nettstaden.
Helse Vest IKT er databehandlar, og er leverandør av utvikling, drift og vedlikehald av nettstaden.
Opplysningane som blir samla inn, blir lagra på serverar som Helse Vest IKT driftar. Ein eigen avtale mellom Helseføretaka og Helse Vest IKT regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal behandlast.
E-post
Du har anledning til å kontakte oss via e-post dersom du har generelle spørsmål til noko av det du les om på våre nettsider. Dersom du sender ein e-post til oss vil e-postadressa di og personopplysningane du inkluderer i e-posten bli lagra.
Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med e-post. Det er derfor viktig at du ikkje inkluderer slike opplysningar, for eksempel opplysningar om helsa di, personnummer osv. i e-post til oss.
Gi tilbakemelding på nettsidene
Du kan gi tilbakemelding på nettsidene via skjemaet «Gi tilbakemelding». Denne tilbakemeldinga blir lagra. Tilbakemeldingane blir brukt som innspel til forbetring og utvikling av nettsidene.
Lenker til andre nettstader
Vi lenker til andre organisasjonar og nettstader. Personvernerklæringa på denne nettstaden omfattar ikkje andre nettstader. Når du besøker andre nettstader, bør du derfor lese personvernerklæringa på desse nettstadane.
Besøksstatistikk
Nettstaden lagrar trafikk/besøksstatistikk. Statistikken viser kor ofte kvart enkelt område av nettsida blir besøkt. Vi kan ikkje spore din bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.
Eksempel på informasjon som blir lagra er; tal på besøkande på dei ulike sidene, informasjon om kva nettside du var på før du kom inn på vår nettstad (url-adressa du kom frå), kor lenge du er på nettsida og kva nettlesar du bruker. Informasjonen som blir lagra blir brukt slik at nettsida sine tilbod og innhald kan bli betre og utviklast vidare.
Besøksstatistikken er basert på verktøya Google Analytics og Universal Analytics.
Viss du likevel ikkje ønskjer at vi skal samle inn opplysningar om deg som vi anonymiserer og bruker til statistikk, kan du melde deg av denne innsamlinga på følgande adresse:
http://tools.google.com/dlpage/gaoptout?hl=en
Her kan du installere ei teneste på nettlesaren din, levert av Google Analytics. Tenesta (ein add-on) kan installerast både på Chrome, Internet Explorer 11, Safari, Firefox og Opera.
Les meir om korleis vi handterar informasjonskapslar på
Søk
Vi lagrar informasjon om kva søkeord du bruker når du søker på nettstaden. Formålet med dette er å gjere informasjonen vår betre og meir tilrettelagt brukarane sine behov. Vi kan blant anna finne ut kva søkeord som gir treff og kva søkeresultat du vel. Det er berre søkeorda som blir lagra, og dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om deg.
Nyhetsbrev
Når du melder deg på vårt nyhetsbrev samtykker du til at du kan motta e-post frå oss i samband med nye , nyhetsbrevet sendes ut månedleg og ved spesielle enkeltsakar.
Informasjon om avmelding finn du i nyhetsbrevet, eller du kan ta kontakt med oss for å bli sletta frå lista.
E-postadressa du nyttar i påmeldinga må stadfestast før påmeldinga vert aktivert og e-postadressa vil kun bli nytta til nyhetsbrevet.
Bestillingar
Bestillingar som gjerast i systemet blir lagra, og informasjonen som vert nytta blir brukt til å behandle den aktuelle bestillinga samt for å føre statistikk på kor mykje prøvetakingsutstyr som er bestilt.
Det er ikkje obligatorisk å oppgje ein kontaktperson eller e-postadresse, men om du gjer det vil dette bli lagra og e-postadressa blir nytta til å halde deg oppdatert om status på bestillinga.
Personvern og Informasjonskapslar
Helse Bergen i samarbeid med Helse Vest IKT AS. Grafisk design: Kassett.